Sorggrupper.no

Gloppen kommune

Tilbud i Gloppen kommune, sortert alfabetisk. Klikk på en av tilbudene for å lese mer.

  • Kyrkja i Gloppen

    Kyrkja i Gloppen ønskjer å vere til hjelp for dei som opplever sorg, og gjev tilbod om deltaking i sorggruppe. Det er ei samtalegruppe der ein kan få setje ord på tankar, kjensler og reaksjonar som ein kjenner på etter å ha mista ein nærståande person. Ein kan dele gode minne, få snakke om noko av det som har vore, om det ein saknar eller opplever vondt og vanskeleg, og kva ein ønskjer for livet framover. Den enkelte bestemmer sjølv kor mykje ein vil dele. Slik kan ein finne styrke til å gå vidare, og få vere til støtte og hjelp for kvarandre. Tilbodet er for alle uavhengig av livssyn. Meir informasjon på www.gloppen.kyrkja.no

    Sted: Sandane

    Telefon: 96618048

    E-post: ingebjorg.fure@gloppen.kyrkja.no